Frøkedal & Familien

Konsert

Frøkedal & Familien

Fredag 10.september 2021
20:00

Frøkedal & Familien sitt tredjealbum, Flora, er spelt inn låt for låt i løpet av ei ti dagar lang studioøkt: «Me lærte oss songane ved å spele dei live for publikum. Det kunne til tider vere halsbrekkande, men det var veldig ærleg. I studio spelte me inn live og hadde blikkontakt heile vegen.», seier Frøkedal.
Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin milde, tidvis eksentriske, folkpop. Dei har skapt eit særeige lydbilete av vokal, elgitar, feler, orgel og trommer, samt klimpreinstrument som mandola og baglamas. Nå kjem bandet til (DIN BY) for å presentere musikken der han høyrer heime: i eit rom med levande menneske til stades.
Låtane på Flora strekk seg frå gyngade hippie-folk til indiepop og felerock. Musikken skildrar spennet mellom einsemd og framandgjering i ein kald verd – og draumen om tilknyting som alle har i seg.
Frøkedal & Familien har gjort ei rekkje turnéar og festivalkonsertar i inn- og utland. Prosjektet har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, Spellemann-nominasjon og har spelt live på BBC Radio6. Frøkedal & Familien har også fått snuse på arenaformatet, som oppvarming for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Dei trivst likevel aller best på mindre scener, der dei kan stå tett og sjå publikum i kvitauget.

10. september
Dørene åpner
20:00