ODD NORDSTOGA

Konsert

ODD NORDSTOGA

Lørdag 17.oktober 2015 til Søndag 18.oktober 2015
21:00

Odd Nordstoga, fødd i 1972 og oppvaksen på garden Plassen i Vinje, slo stort gjennom då han i 2004 gav ut plata Luring med låten som sørga for 160.000 selde eksemplarar; Kveldsong for deg og meg. Før Luring kom ut, hadde Odd allereie fleire album bak seg, og hadde jobba med musikk sidan 1997.

No har Odd samarbeidd med brørne Ivar og David Vogt frå Real Ones, og laga ei ny plate som kjem ut i oktober. Og når ein gjev ut nye plater, dreg ein på turné, og det er akkurat det som skjer no i haust. Med seg på tur har Odd David Wallumrød på tangentar, Torstein Lofthus på trommer, Tor Egil Kreken på bass og Øyvind Blomstrøm på gitar.

Om plata seier Odd sjølv: «Eg har aldri vore så nøgd med ei innspeling før, og eg brenn etter å få det ut. Brenn etter å spela det for folk. Så dette, dette kan aldri gå bra. Det må vera noko eg ikkje har tenkt på …». Fyrste låt ut er singelen «Kunsten å gå» og den snurrar allereie heftig hos landets radiokanalar. Heile plata kjem ut 9. oktober, og veka etter startar turneen.

Det blir stas! Det blir fabelaktig! Det er med andre ord berre å gle seg til konsert!

17. oktober
Dørene åpner
21:00