Nynorskkviss med SmiT og Tromsø Mållag

Nynorskkviss med SmiT og Tromsø Mållag

Onsdag 25.oktober 2017
19:00

Kvardagen skal koblast frå, og nok ein gong skal hjernecellene få trim! Sett saman eit lag på inntil seks personar og slepp laus den indre språkentusiasten. Studentmållaget i Tromsø og Tromsø mållag inviterer til nynorskkviss med førsteamanuensis i historie og kvissbokforfattar Sigrun Høgetveit Berg som kvissvert.

Her gjeld det å syne fram at ein har det som skal til når heider, ære og ikkje minst gjeve premiar står på spel!

Kjøkkenet serverer lekker mat frå kvissmenyen fram til kl. 21.00.
Det er om å gjere å finne seg eit bord før det blir fullt, så tropp opp i god tid! Køa i baren er av erfaring kortare jo tidligare du kjem.

Påmelding frå kl. 19.00, kvissen startar kl. 20.00.
Stad: Caféen.
50,- per lag.

25. oktober
19:00