ODD NORDSTOGA

Konsert

ODD NORDSTOGA

aleine heime
Fredag 17.mars 2017
21:00

Vi gleder oss til solokonsert med Odd Nordstoga. Odd Nordstoga forteller om konserten: Det er no eit år sidan albumet ”Dette Landet” kom ut. Med låtar som ”Kunsten å gå”,  ”Diesel og Bensin” og ikkje minst tittel-låten ”Dette Landet”, har dette blitt ein av mine største suksessar til no. Det har vore fulle hus og stormande jubel nær sagt overalt. Tusen takk! Ein fantastisk tur rett og slett. No mønstrar eg på turnebussen igjen, og feirar dette albumet, og resten av låtane mine.

Med på lasset kjem også at eg spelte inn nokre låtar heime i akkustisk versjon i vår og no i haust. Dette blei så fint, tykte både katten min og plateselskapet, at me gjev det ut no i november. Plata heiter sjølvsagt ”Aleine heime” og inneheld låtar eg har laga, men som eg ikkje før har spelt inn sjølv, ein coverlåt av fantastiske Lars Winnerbäck og ellers mine eigne akkustiske tolkningar av, nettopp, meg sjølv.

Alt ligg til rette for ein musikalsk fullkomen kveld.

 

På denne konserten det ståplasser og sitteplasser. Det er frittsetevalg nede, og ståplasser på galleriet.

17. mars
Dørene åpner
21:00